|
Mjølfjell ungdomsherberge har i meir enn 60 år vore eit naturleg val for skuleklassar som vil på "hyttetur", men som samstundes ynskjer å koma i varmt hus og til ferdiglaga gode måltid. Hos oss startar turterrenget rett utom døra og går til dei høgste toppar - eller til sjøen via Flåmsdalen. Me kan også tilby opplegg med Fjellskule og organiserte uteaktivitetar. Elles har me billjard, airhokey og musikkanlegg til diskotek. Det er god plass til sosiale aktivitetar.
Anlegget er nyrestaurert og i god stand. Me har store og romslege matsalar, peisestove, opphalds- og TVrom. Me har også skistall og tørkerom.
| Prisar for 2012: |
2 døgn pr elev |
1 døgn pr elev: |
| Videregående skule: |
kr. 700,- |
kr. 400,- |
| Ungdomskule: |
kr. 655,- |
kr. 385,- |
| Barneskule: |
kr. 625,- |
kr. 355,- |
| (Vaksne kr. 425,- pr døgn) |
Prisen inkluderer: * Overnatting i 4-sengsrom * Middag og frukost * Bruk av utandørs svømmebasseng (i sommarsesongen) * Bruk av skitrekk etter avtale (i vintersesongen)
NB! Sengetøy er ikkje inkludert, men kan leigast for kr. 70,- pr sett! Nistepakke kan tingast og kostar kr. 50,- Leige av møterom/ekstra opphaldsrom: kr. 200,- Gjennom avtale med NSB og andre transportørar kan me tilby rimeleg transport til og frå Mjølfjell.
Er dette noko for Dykkar skule, ta kontakt med oss på telefon 56 52 31 50 / 900 12 558 for informasjon eller be om å få tilsendt informasjonsvideo! Me har også gleda av å innby ein representant frå skulen til gratis dagstur Bergen - Mjølfjell t/r med tog og med gratis lunch og omvisning på Vandrarheimen. Ta difor turen til Mjølfjell og sjå kva me har å by på! Saman kan me skreddarsy eit opphald etter Dykkar ynskje. Kontakt vertskapet for avtale!
Beste helsing vertskapet på Mjølfjell ungdomsherberge. |