Kart og veibeskrivelse! What to doo! E-mail Booking German English Vandrerhjem i Norge

Mjølfjell -Ungdomsherberge skil seg frå andre overnattingsstader ved den unike plasseringa, midt i den vakre naturen, i fjellheimen mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden.
Det er lett å komma hit, samtidig som me ligg ved enden av ein roleg fjellveg.
Staden er ideell for kurs, seminar, arbeidsgrupper og sosiale samlingar kombinert med utandørsaktivitetar.
Her er staden for å slappa av og koma til hektene etter eit travelt byliv.

I veke 27, til og med veke 33 (2011) skal det vera rideleirar på Mjølfjell
Me legg opp til:
- turriding, instruksjon på bane, spran, dressur, køyring med hest og vogn, teori.
- ankomst søndag - avreise fredag
- pris kr. 4.300,-
Me kan tilby:
- erfarne instruktørar
- ca. 6 elevar på kvart kurs
- "eigen" hest til kvar elev
- innkvartering i 4-sengsrom
- god mat og triveleg miljø
- andre aktivitetar som bading, basketball, terrengsykling, fotball, fisking, uhøgtidlege konkurransar og grilling.
Ring Mjølfjell Ungdomsherberge på tlf. 56 52 31 50, eller Jan-Erik tlf. 90012558 for meir informasjon
Påmeldingsskjema finn du her. Fyll det ut og send det til oss innan dei fristane som er oppgitt på skjema.


I sommarsesongen frå midt i juni til midt i september har du tilgang til vårt oppvarma svømmebasseng (23m x 13m).

Me har og eit utandørs boblebad som er i bruk heile året!

 
Fisking og kanopadling.
I omkringliggjande fjellvatn og i Kleiva-elva som renn forbi ungdomsherberget er det flotte mogelegheiter for fiske. Du kan leiga fiskeutstyr hos oss, du kan og leiga ein kano for fiske eller padling i det vakre Slondalsvatnet. Det ligg ca 15 minutter oppover dalen frå ungdomsherberget.
 
Sykling.
Ungdomsherberget har off-road syklar til utleige. Rallarvegen frå Voss til Finse går rett forbi.
 
Mjølfjell-området byr deg eit vidt spekter av ruter for fjellvandring. Du kan velja ein lett tur langs Rallarvegen til Uppsete, eller ein topptur til Vassfjøra på 1633 m.o.h.
 
Du kan og gå til sjølvbetjente turisthytter som Grindaflethytta og Kaldevasshytta. Du får kjøpt gode fjellkart med dei ulike rutene hos oss!
 
 Nytt 2010:  Fottur på gamle ferdslevegar frå bygda til fjells. Ein tur over tre dagar, mat og overnatting på støl i høgfjellet. I lavvo eller stølshus. Passar for vanlege folk som trivst med urørd natur og gleda med naturen. Les meir her!
 
Om sommaren har me hestar til utleige på time- eller dagsbasis. Me har og køyring med hest og vogn.
 
I samarbeid med Mads Rio tilbyr me villmarks- og overlevingskurs. Denne pakka inneheld og ski-instruksjon, bruk av kart og kompass, graving av snøhole og overnatting ute. Me tilbyr også sommarpakke med kanopadling, rappellering, fotturar og matlaging på bål m.v. Desse aktivitetane er skreddarsydde for skuleklassar, men deler av opplegget kan brukast i "lagbygging" eller som innslag på blåturar.
 
Mjølfjell-området er snørikt med stabile vinterforhold. I vintersesongen tilbyr Mjølfjell-området flotte tilhøve for skigåing i tilnærma uberørt natur! Du kan velja mellom ulike turar til fjelltoppar i nærleiken, eller preparerte spor nær ungdomsherberget.
Me har vår eigen løypemaskin til å laga spor mellom ungdomsherberget og Mjølfjell stasjon (7 km). Me har også gratis barneskitrekk rett utom døra.
Vintersesongen hos oss varer frå jul til midt i mai, og her kan du ta på deg skia utanfor døra og sette i veg til næraste fjelltopp!
 
Mjølfjell Ungdomsherberge var det første spesialbygde ungdomsherberget i Norge. Det vart oppført i 1939, og det meste av arbeidt vart utførd gratis på dugnad av entusiastar frå mange stader i verda. Det var naudsynt for drifta å syta for elektrisk straum, og dermed vart det bygd ein hydroelektrisk kraftstasjon i 1946. Vatn frå Kleivaelva vart nytta, ved å leida det gjennom ei røyrgate av tre.
Kraftverket går framleis, og fram til midt i sekstiåra forsynte kraftverket heile Mjølfjell-området med straum. Nokre av hovud-delane, som turbinen, er heilt frå 1914, medan andre delar har vore gradvis moderniserte. Etter avtale kan ein få sjå kraftverket, og korleis vatn i rørsle vert omgjort til elektrisk kraft.
 
Mjølfjell er eit flott utgangspunkt for dagsturar i den vestlege fjellheimen. Om du ynskjer å dra oppover kan du ta toget frå vår "eigen" stasjon Ørneberget. På 10 minutter er du på Myrdal. Det er startstaden på ein av dei mest populære turist-attraksjonane i Norge. Du kan gå til fots, sykle, eller ta tog ned den fantastiske Flåmsdalen. Avhengig av kor mykje tid du har til rådvelde kan du sykle eller gå heilt ned til Flåm eller ta Flåmsbanen halvvegs ved Berekvam attende til Myrdal og Ørneberget.
Du kan også reise til Voss med bil eller tog (40 minuttar). Her kan du besøka ymse butikkar og museum. I vinterhalvåret kan du ha gleda av Voss som vintersportsstad og alpinanlegget i Bavallen.